Friske og fredelege bier som samler bra med pollen og nektar får me ikkje utan å hjelpe til med testing av elitedronningar. No har 8 testvertar frå Vestlandet nett gjennomført eit kurs i lik testvurdering etter kriteriar som det europeiske prosjektet "Smartbees" legg opp til. Dr.Aleksander Uzunov frå bie-istituttet i Kirchhaim i Tyskland kom hit for å lære oss dette.
Me som blir testverter dette året og to år framover, skal få 15 elitedronningar kvar av enten brune eller krainerbier i sommer. Desse skal me teste over så like tilhøve som mogleg og lærte på dette kurset å ha så lik subjektiv vurdering som mogleg.
Aleksander Uzunov viser oss opning av ei kube som hadde god karakter for tavlefasthet.
warning Shop is closed currently, Checkout is disabled till we're back online